Betaler vi mykje for kollektivtrafikk?

Nyleg var det oppslag i media om prishopp på buss og togbilettar dei siste åra. Med miljørørsla som opprørte krevde lågare prisar for å berge miljøet. Men er det rett oppskrift? Hverken det norske samfunnet eller det norske folk brukar mykje pengar på kollektivtrafikk. Då kan ein heller ikkje forvente eit godt tilbod for folk flest eller….?

Kva brukar vi pengar på for å transportere oss?

Privatbilismen er vinnaren. Vi har 2,2 millionar privatbilar i Norge i dag. Som i gjennomsnitt køyrer 14 762 km i året. Altså har vi ei årleg køyrelengde med privatbil på omlag 32 milliardar kilometer.  Dagbladet hadde nyleg ei berekning av bilkostnaden pr kilometer som inkludert bilkjøp/avskrivningar får eit slags gjennomsnitt på omlag 6 kroner. Altså brukar det norske folk 192 milliardar i året berre på personbilbruk. Eller 40 000 kroner pr innbyggjar.

Personbilandel i kroner – Telemark

Eg har samanlikna desse storleikane med kollektivtrafikken i Telemark. Der brukar fylket – inkludert brukarbetaling ( altså bilettprisen ) omlag 260 millionar kroner på buss og drosjer. Samstundes brukar altså innbyggjarane i Telemark vel 7 milliardar på personbiltrafikk. Utan å rekne på presset alle bilane legg på veg og infrastrukturutbygging betyr altså dette at vi er meir enn villige til å bruke 27 gonger meir på personbiltrafikk enn på kollektive løysingar. Det trengs vel meir enn eit aktivt fylkesting for å endre på dette forholdet vel?

Er det ikkje slike tungt forankra holdningar som styrer både samferdselspolitikken, olje og energipolitikken og våre svake tiltak for å førebyggje ei kommande klimakrise. For kven vil vel kvitte seg med sin private bil og retten til å køyre kvar vi vil, når vi vil?

Stikkord: , ,

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.