Høgfartsbane og digital teknologi ?

By ronnekleiv

Fafo og Econ har laga scenarie om det norske IKT samfunnet i 2025. I eit av scenaria er heile den norske arbeidsmarknaden samla rundt Oslofjorden. Altså- teknologien kan forsterke sentraliseringskreftene i samfunnet.

I framlegget til NTP er regjeringa villig til å satse mykje sterkare enn før på modernisering av jernbanetilbodet. Og etter råd frå Jernbaneverket og Samferdselsdepartementet prioriterer ein reparasjonar og modernisering på eksisterande strekningar mellom dei største bysentra på Austlandet – Lillehammer – Skien og Halden mot Oslo.  Altså ei infrastrukturbygging som vil styrkje det mest sentraliserande scenariet i FAFO rapporten. Dette er sjølvsagt viktig infrastruktur, men er dette nok til å byggje landet for dei neste 100 åra?

Norsk Bane as er eit lite selskap som har arbeidd med visjonar for at det er mogeleg å byggje jernbane etter høgfartsbaneprinsippet også i Norge. Utgreiingane er finansierte av mange distriktskommunar utover i landet som er opptekne av at infrastruktur mellom byar og kan gje regionale verknader. Gradvis har dette arbeidet fått innpass i politiske miljø. Og det kom mange kopiar som snakka om tog som går litt fortare enn i dag. Det vart difor behov for å få ekstern ekspertise til å sjå på ideane om høgfartsbane i Norge. Difor vart Deutsche Bahn engasjerte i å på fritt grunnlag vurdere om det var realistiske idear desse distriktskommunane i Norge sto bak. Dei har lagt fram sine rapportar og tilrådingar i år – der dei anbefaler Norge å starte bygging av Høgfartsbane så snart som råd- fordi det er lønnsomt!

Samfunnsøkonomisk lønnsomt, bedriftsøkonomisk lønnsomt, miljømessig lønnsomt og distriksutbyggings fagleg lønnsomt. Hovedtrekka i rapporten er:

  • Hastigheter på 270 – 300 km/t kan gjennomføres nesten over alt
  • Reisetider med 2 ½ time eller bedre til/fra Oslo fra Stavanger, Bergen og Trondheim.
  • Banene legges til rette for flerbruk for både langdistanse-, regional-, intercity- og godstrafikk
  • 1 800 trailerturer kan spares hver dag
  • CO2-utslipp kan reduseres med 1,4 millioner tonn hvert år
  • Høy samfunnsøkonomisk effekt
  • Driften vil gi store overskudd som kan være med å betale ned investeringene i nye baner

Kva har dette med digital teknologi å gjere?

Den teknologiske utviklingen bidrar til stadige høyere kompetansekrav i arbeidsmarkedet, både i offentlig og privat sektor. Den attraktive arbeidskraften som regionene må konkurrere om er dermed de unge, produktive som også har høy kompetanse og som ønsker jobb nr 1 og jobb nr 2 karrieremessig for to personer når de bosetter seg. Dette er hovedmekanismen som bidrar til at den sterkeste veksten i Norge skjer rundt Oslofjorden – ref Viktor Normann.

Kilde SSB

Kilde SSB

Den teknologiske utviklinga vil fortsetje. Unge mennesker er og digitale innbyggjarar som byggjer sine nettverk både virtuelt og på kryss og tvers etter kor dei veks opp, studerer eller arbeider. Skal dei få delta og pleie sine nettverk i framtidas nettverkssamfunn har dei to val.

1. Alle flytter til Oslofjordområdet der både arbeidsplassinvesteringar og infrastrukturinvesteringar blir prioritert.

eller

2. Landet blir bygt ut med høgfartsbane som bind alle dei større byane i Sør Norge saman med Oslo på under to og ein halv time. Det betyr at og regionane mellom desse byane og Oslo får kortare reisetid enn dette til Oslo. Altså det blir mogeleg å bu og arbeide over store deler av sørNorge og samstundes pleie sine sosiale eller arbeidsrelaterte nettverk i Oslo. Dette er det beste distriktspolitiske tiltaket som er lansert sidan Bergensbanen vart bygt for 100 år sidan.

Mogelege reisetider berekna av Deutsche Bahn:

Norgeskartet i reisetid med tog

Norgeskartet i reisetid med tog

Landet er inne i lågkonjunktur og har pengar på bok. Vi kan gjøre dette nå!

Eit slikt infrastrukturprosjekt er ei investering for samfunnet som har alle mogelegheiter til å gje samfunnet langsiktig god avkastning om ein ynskjer at heile landet skal være i bruk.

NTP har ikkje plass til slike prosjekt når ein tenkjer på alle vegane og lokalbanene som og må driftast. Rett nok, dette er eit investeringsprosjekt som må prosjektorganiserast og finansierast utanom NTP  for å synleggjere kostnader og inntekter. Men og for å samle i ein ny organisasjon ny kompetanse som rettar seg mot ein heilt ny infrastruktur og transporttenkjing. Høgfartsbane krev nye trasear, prosekterte for å køyre opp mot 300 km pr time. Med avkøyringar til stasjonar undervegs. Og høg frekvens for å kunne stoppe på nokon av mellomstasjonane med nokre av toga. Gjennomsnittsfarten må ligge godt over 200 km i timen for å nå frå Bergen til Oslo på 2t30min med to-tre stopp undervegs.

Kva med miljøet? 1,6 millionar tonn redusert  CO2 utslepp- kor mykje er det?

Det er 10% av det nasjonale målet om reduksjon i CO2 utslepp som i klimaforliket er talfesta til 15 – 17 millionar tonn. Men like viktig er det at satsing på tog er framtidsretta. Bensin og diesel som er dei dominerande energibærarane for transport idag tek slutt i løpet av dette hundreåret anten det blir vedteke av politikarar eller ikkje. Reservane er ikkje ubegrensa. Allereie idag er Norge over toppen når det gjeld utvinning av olje.  Vi kan like godt nå starte investeringar i transport som brukar straum som energibærar. Då veit vi at bane er rett – og samanlikna med fly på relativt korte avstandar under 500 km – kan vi altså reise raskare med tog og samstundes oppnå mange andre positive samfunnsverknader.

Merkelappar: , , , , , , , ,

Legg att eit svar