Victor Bekkers – E-Government and the Emergence of Virtual Organisations in the Public Sector: sammendrag

By ronnekleiv

Fra boka The Information Ecology of E-Government av V. Bekkers og V.M.F. Homboug – IOS Press 2005 har eg sett på kapittel 5 om virtuelle organisasjonar i offentleg sektor.

Bekker viser her gjennom eksempler korleis både dei tekniske mogelegheitane og kompleksiteten i elektronisk forvaltning stimulerer bruk av virtuelle organisasjoner som eit supplement til andre meir tradisjonelt organiserte samarbeid. Drivkreftene i dette meiner han er samspelet mellom teknisk miljø, det institusjonaliserte miljø og det sosio-organisatoriske miljø.

Bekker deler slike virtuelle organisasjonar inn i fem kategoriar:

Føderale organisasjonar – eksempel på dette kan være eit kommunenett der ulike etater produserer sine data og interaktive tenester som heng saman med den interne digitale organisasjonen. Ein lukka organisasjon med kontroll over tilgang og med felles regelverk for lagring og publisering.

Konsentriske organisasjonar – database baserte organisasjonar der ein eller fleire databaser gjennom eit regelverk gir tilgang til ulike organisasjonar eller etater som både bruker data frå basen og oppdaterer data i basen. Også ein lukka organisasjon (intranett og ekstranett) med kontroll over tilgang og med struktur på lagring av produserte data.

Plattform organisasjonar - ein ekstranett plattform for felles deling av informasjon, kommunikasjon og produksjon av informasjon. Domene og lukka tilgang for både lesing og skriving. Har gjerne ein internettdel for åpen informasjon.

Portalorganisasjonar – åpen tilrettelagt portal for innlegging av informasjon, linking til andre ressurser og informasjonsportaler. Linker og informasjon er strukturert for ulike målgrupper.

og Web organisasjonar.

En typisk weborganisasjon er heilt åpen for deltakelse, uten definisjonar på kva som kan koblast saman på same vev. Den einaste modellen uten eit definert senter. Bekkers karakteriserer denne modellen som “ingen” arkitekturmodell. Eksempler er nyhetsgrupper, virtuelle samfunn og diskusjonsgrupper. Alle slags interesser kan være grunnlaget for at ein slik weborganisasjon oppstår.

Kva kan vi lære av dette kapittelet til Bekkers?

Definisjonane av dei ulike virtuelle organisasjonsformene har betydning for å forstå kva som skjer når vi koblar saman to etater som ikkje vanlegvis samarbeider – og gjev dei felles portal eller felles database for produksjon, informasjon og kommunikasjon. Då oppstår nye relasjoner både teknisk, organisatorisk og sosialt. Dette påverkar måten vi arbeider på og kan være ein tilnærming til å forstå både kva som skjer når vellykka IKT prosjekt får fram nye samarbeidsmodeller eksempelvis innanfor kommunen. Og kva som skjer når IKT prosjekt stoppar opp fordi den sosiale organisasjonen ikkje aksepterer den nye virtuelle organisasjonen som ein ny måte å arbeide på.

Særleg interessant synest eg desse modellane er som bakgrunn for å forstå den sterke veksten i blogging, nye frie virtuelle samfunnsmodellar og kommunikasjonsformer som har hatt så sterk vekst dei siste par åra. Kvifor eksploderte plutseleg bruken av facebook?

Truleg er Bekkers i gang med neste bok som har mange kapittel berre om Virtual Web Organisations?

Merkelappar: ,

Legg att eit svar