Arkiv for februar, 2008

Forbrukarrådet si vurdering av Nome.

februar 24, 2008

Forbrukarrådet gjorde i fjor ei undersøkjing på kommuneportalane med omsyn til informasjon på portalane, svar på epostspørsmål og svar på telefon. Både svarprosent og kvalitet på svara vart vurderte. For min heimkommune Nome viste undersøkjinga at kvaliteten var sånn middels samla sett. Ved å gå inn på portalen til Nome ser vi at nokre av avvika er retta opp no.

Kva kan vi lære av slike undersøkjingar?

Iallefall at det ikkje blir mindre av dei i framtida. Både norge.no, no Forbrukarrådet, seniorsaka med fleire set opp kriterier og gjer sine vurderingar av om kommunane er gode eller dårlege utfrå desse. Og nyleg vart vi inviterte med i eit prosjekt der nokre forskarar skulle utvikle ein automatisk kvalitetssjekk av offentlege tenesteportalar. So spørs det kva for kriterier som vert sette opp der. Alle desse interessegruppene vil framstå i media som aktørar som definerer kva kommunane sine brukarar opplever som kvalitet.

Mi erfaring er at med ein bransje som framleis er i så rask utvikling, så er både brukarane sine forventningar, teknologien og tenesteprodusentane og i stadig endring. Det betyr at kriteria som gjaldt i fjor er for gamle neste år. Og vi må alle vidareutvikle kvalitet og service i takt med trendar i samfunnet. Kanskje er endringsberedskapen i organisasjonen den viktigaste satsinga for kommunane framover når det gjeld vidare tilpasning til den digitale kvardagen?

Kanskje er kvantitative mål vel så viktige for vidareutviklinga. Det hjelper lite med høg poengsum på ein informasjon på nettsida som brukarane faktisk ikkje lastar ned. Då kan det være vel så interessant å sjå kor stor del av innbyggjarane som faktisk brukar portalen til kommunen, MinSide eller Altinn. Og kva dei faktisk brukar dei til?

Microsoft endrar strategi – kva betyr det for kommunane?

februar 24, 2008

Toppleiinga i Microsoft kunngjer at dei åpnar sine kjeldekoder og vil samarbeide med konkurrentar og kundar om betre integrasjon mellom programvarer. Kva er den strategiske vurderinga og kva betyr dette for kommunane?

Trendane for IT bransjen framover er at marknaden, sterkt påverka av konkurransemyndighetane i mange store land etter kvar krev betre integrasjon mellom ulike system. Eit synleg eksempel på dette er kravet til offentleg standardar for åpne dokumentformat i offentlege tenester på nett- stortingsmelding nr 17. Microsoft kan velgje å konkurrere med desse kreftene som dei har gjort lenge. Eller å tilpasse sine marknadsstrategier til dei nye trendane. For kommunane betyr dette altså umiddelbart at det nok blir billegare å få spesialtilpassa integrasjon mellom ulike fagsystem med delvis innhold av Microsoftkomponentar. Men Microsoft sin marknadsstrategi er då sjølvsagt å holde på kommunane som kundar på flest mogeleg standardprodukt som vi veit har blitt mykje dyrare dei siste åra. Skal vi spare pengar i kommunesektoren er det framleis viktig at vi skaffar oss meir kunnskap om fri programvare og lisenspolitikken til dei ulike leverandørane.