Tenestebeskriving basis for all elektronisk forvaltning?

By ronnekleiv

Eg heiter Erling Rønnekleiv og deltek i dette kurset fordi vi er midt i store utviklingsprosessar i våre tre kommunar, Bø i Telemark, Nome og Sauherad.

På første kurssamling var det mange interessante tema. Eit sentralt verktøy for å kunne digitalisere forvaltningsoppgåver er tenestebeskriving eller prosessmodellering som det heiter. Vi kjenner dette igjen frå alle kvalitetssystema og HMS systema som skulle innførast i næringsliv og offentleg forvaltning på nittitalet. Det er to grunnar til å ta desse i bruk, ein velkjend metodikk som nettopp mange av dei tilsette har fått kjennskap til tidlegare. Og det er ein dokumentasjon av arbeidsoperasjonar som gjer det mogeleg å automatisere elektronisk store og samansette arbeidsprosessar som forvaltninga er samansett av.

Kor ligg så motkreftene då dersom dette både er velkjent og relativt kurant å innføre?

Etter mi meining er det to hovedkrefter som vi møter som motstand når vi skal innføre slike nyereviderte prosessar som grunnlag for det som vi alle meiner skal bli meir effektivt. Den eine er kompleksiteten i eigarskapen til dei enkelte delene i prosessane. Byggsøk er vel eksempel på dette. Der har mange kommunar og statens byggtekniske etat saman prøvd å få til dette omtrent sidan årtusenskiftet. Utan særleg suksess førebels. Er det fordi lovene i dette store puslespelet endrar seg kvart år? Eller vert det så mange kokkar at det blir litt søl uansett om dei er einige eller ikkje?

Det andre eksempelet er spørsmålet om kvalitetssystemet vert viktigare enn kvaliteten? Alle kontrollrutiner er bygd på å kontrollere dokumentasjonen. Men skal dokumentasjon og rutinebaserte prosedyrer i fagsystema for til dømes heimesjukepleiaren overta ansvaret som tidlegare låg i fagstatusen og utdanning/godkjenning av sjukepleiaren som fagleg ansvarleg person? Eg trur det er viktig at vi må tilpasse rutinene og dokumentasjonen slik at vi og framleis stiller krav til den tilsette sin faglege integritet. Her må det være ein slags balanse.

Legg att eit svar