Hva skal de gjøre og hvem skal gjøre det er oppgaven 17 nov. Her er mitt forslag:
Regionalpark Telemarkskanalen.
Formål – styrke identitet, kulturhistorie, reiselivsnæring og vern gjennom aktivt bruk av Telemarkskanalen med landskapet rundt.
Planlegging.
Landskapet har tre hovedhistorier
– den geologiske – etter siste istid gjekk havet opp til Dalen – naturleg utvikling av ferdsel langs vassdraget som vart oppretthalde etter som landet heva seg.
– Jordbrukssamfunnet – frå jernalderen av har folk dyrka jorda og hausta både tømmer og vilt av skogen i Telemark. Kulturlandskapet har mange spor etter denne menneskeskapte aktiviteten langs Telemarkskanalen.
– Industrisamfunnet – både gammal – jernutvinning oppe ved Hardangervidda, brynesteinsbrot og transport. Til tømmerfløting – etablering av eksporthavner og byar i Grenland. Fløtinga var vel den sterkaste drivkrafta for etablering av kanalen.
Stadkjensle- må styrkjast gjennom at tettstadane og kommunane langs kanalen har ein bevisst halding til denne historia og korleis ein kan knyte den saman med moderne utvikling av tettstadane. ” Look to Telemarkskanalen” kan være eit slagord for dette. Dette er mat for planleggingsmyndighetane. Fylkeskommunen og ikkje minst kommunane.
For å kunne tillate vern gjennom aktiv bruk må det og lagast ein plan som dekkjer behovet etter kulturminnelova. No er det gjeve midlertidig vern utan retningslinjer å utvikle seg etter. Det fører til utarming av kulturminnet.
Vedlikehald.
Landskapspleie krev faglege målsettingar og virkemiddel som støtter disse. Landbrukspolitikken fører til færre husdyrbrukarar, og med dagens eiendomsstruktur derfor færre kulturlandskap som vert vedlikehaldne gjennom beitebruk. Gjengroing er på ein måte dagens kulturlandskap – men det går ut over behovet som lokalsamfunnet har for å henge saman med Telemarkskanalen.
Telemarkskanalen FKF må få ein rolle i koordinering og stimulering av landskapspleien. Noko av vedlikehaldsbudsjettet må faktisk også gå til å vedlikehalde landskapet på dei mest sentrale stadane langs kanalen. For å få nok effekt av slike midlar er samarbeid med andre grunneigarar også viktig.
Ansvar: Telemarkskanalen FKF, kommunane og grunneigarar.
Utvikling gjennom aktivt bruk.
Dette må i framtida i hovudsak være utvikling av Telemarkskanalen som reiselivsprodukt. Som framleis byggjer på den opprinnelege kulturhistoria. Men vi må tenkje fleire måtar som kanalen blir brukt på, og samstundes fleire måtar å formidle desse historiene på.
Dersom dette skal opplevast av turistar som eit produkt som heng saman frå Skien til Akkerhaugen/ Notodden til Ulefoss til Lunde til Dalen må noko av utviklingsarbeidet koordinerast. Det er få store kommersielle aktørar langs kanalen. Det er difor viktig å få til ei mekanisme som fremjer koordinert utviklingsarbeid mellom både små og mellomstore næringsaktørar.
Dette krev personellressurs med utviklingskompetanse. Og det krev pengar til å støtte utviklingsarbeid mellom næringsaktørane. Og denne ressursen må inngå i ein felles organisering som alle aktørane har tillit til og kan få klare svar frå. Ein treng å legge dette inn i ein handlingsdyktig organisasjon.
Vi har i dag Telemarkskanalen FKF der kanalkommunane er med å oppnevner styremedlemmer saman med fylkeskommunen. Der er også ein oppegåande administrasjon av ein viss storleik som har kanalen som sitt fokusområde. Ansvaret i dag er vedlikehald og drift.
Tilsett ein utviklingssjef i Telemarkskanalen FKF!
Dersom vi gjev Telemarkskanalen FKF ressurser til ein utviklingskoordinator og minst ein million i året i regionale utviklingsmidlar til utviklingstiltak mellom næringsaktørane så ville ein få litt av den krafta på vidareutvikling som eg her peikar på.
Ei viktig koordinatoroppgåve er opplæring, organisering og tilrettelegging for frivillig innsats til beste for Telemarkskanalen. Frivillig arbeid med restaurering og vedlikehold. Og ikkje minst frivillig innsats i historieformidlinga. Både innanfor kommersielle opplevingar og historieformidling til skuleklasser frå kommunane i Telemark.
Marknadsføring
I tillegg til dette krevst det sjølvsagt informasjon og marknadsføringstiltak som både må finansierast og gjennomførast på ein fagleg god måte. Her er både destinasjonsselskapa og Telemarkreiser etablerte organisasjonar som har ein rolle å spele. Og helst spele saman.
Erling